Nettstudium i digital fotografering

Jon Hoem, kursansvarleg på studiet digital fotografering
Frå 2008 kan du studere digital fotografering
ved Høgskolen i Bergen.
Jon Hoem er kursansvarleg. Foto: Mauricio Pavez.
- Me ønskjer å gjere studentane i stand til å nytte det digitale fotografiet på ein meir bevisst måte, enten det dreier seg om å dokumentere ei hending, ein prosess eller eit meir kunstnarisk orienterte prosjekt, seier Jon Hoem. Han er kursansvarleg for det nye nettstudiet i digital fotografering ved Høgskolen i Bergen. Studiet har oppstart våren 2008.

Kven passer studiet for?
Studiet passar for den som er interessert i fotografering og som har tatt litt bilete frå før, men ein treng ikkje å vere proff for å melde seg på kurset. Du må vite litt om korleis eit kamera fungerer før du startar, seier Hoem.

Relevant i jobbsamanheng

Målgruppa for studiet er mellom anna personar som har behov for kunnskap om digital fototeknikk i jobbsamanheng, men ein kan også ta studiet for sin eigen del. Den enkelte studenten vil bli oppmuntra til å trekke inn personlege erfaringar, til dømes knytt til konkrete behov på arbeidsplassen.

Nær kopling mellom teori og praksis

Studiet er lagt opp slik at det gir ei rekke praktiske øvingar, både knytt til analyse av bilete og arbeid med studentane sitt eigenproduserte materiale. Som støtte i desse prosessane vil det bli laga "skjermvideoar" der lærarane forklarer ulike teknikkar og konsept, mens dette blir vist på skjermen.

- Det kjem til å bli mye praktisk arbeid i tillegg til teorien, seier Jon Hoem. Det viktige er at studentane er motiverte for å lære om fotografering, og at dei ønskjer å lære om teorigrunnlaget for digital fotografering, seier Hoem. Nettstudiet legg vekt på teoretisk refleksjon rundt arbeidet.

Aktivt studiemiljø

- Det er viktig med studentkontakt i eit så praktisk fag, og at studentane kan diskutere bilete dei har tatt og gi tilbakemeldingar på kvarandre sine foto, seier Hoem.

For å skape eit aktivt studiemiljø vil nettstudiet nytte seg av webloggar (eLogg). Loggane er ein sentral del av undervisningsopplegget, og blir brukt for å dokumentere studentane sitt arbeid og progresjon.

Campus i Second LifeUtstilling i Second life

I tillegg vil studentane få halde ei utstilling i den virtuelle verda Second life.

- Høgskolen har eit eige område i
Second life, og vi ønskjer å prøve dette ut som læringsarena for nokre av studentane våre. Planen er at studentane skal stille ut sine eigne bilete i det virtuelle galleriet til høgskolen. Og sidan dette er eit reint nettstudium, kan det jo òg vere praktisk for studentane å ha ein virtuell møteplass, seier Hoem.

Korleis er studiet lagt opp?

Studiet vil legge stort vekt på prosjektarbeid, både individuelt og i grupper. Studentane må levere deloppgåver undervegs, og til slutt ventar ei hovudoppgåve. Kurset gir 15 studiepoeng.

Høgskulen i Bergen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar